Bildøy i «skuddet»

Jaktar hjort i jakta på nye studentar. Nå ønskjer dei seg meir jaktterreng.

– Når eg ser at det kjem studentar hit som er jegerar, så tenkjer eg: kan eg bidra til at året skal bli endå kjekkare, seier Håkon Hauge, vaktmeister på Bildøy Bibelskole.

Han er sjølv ivrig jeger og dette året har han fått selskap. Studentar med jegerprøve og godkjent storviltkort har fått tilbod om å vera med han på jakt. Responsen har vore god.

– Dette er organisert på fritida og i helgene slik at også denne tida kan bli best mogleg, fortel Håkon.

Fyrste hjort
Ein av dei som takka ja til jaktlivet er Petter Halsne frå Halsnøy i Ryfylke. Han hadde fersk storviltprøve med seg i bagasjen, men hadde berre hatt gleda av å skyta ein rådyrbukk før skuleåret starta. Hjorten levde framleis trygt.

– Rifla var pussa og sett i skapet for å venta på meg fram til haustferien. Men då eg fekk sjansen til å bli med på jakt på Bildøy, var eg klar med ein gong, seier Petter.

Det angrar han neppe, for det skulle gje han sjansen til å få sin første hjort. Han nærast hoppar i stolen når han fortel om hendinga. Ein regntung laurdag på post, og plutseleg var den der. Og før han rakk å fyra av, kunne han velje mellom tre dyr.

– Det var heilt vilt. Eg kjende berre korleis adrenalinet pumpa i årene. Det var ei ekstrem oppleving, fortel han begeistra.

Valde vekk
Då Petter valde Bildøy visste han ikkje om jakt-tilbodet. Hadde han visst det, ville valet vore enda lettare.

– Eg var sterkt i tvil, for jakt har blitt ein stor hobby for meg. Difor vurderte eg folkehøgskule, men til slutt valde eg trua framfor jakt, fortel han.

– Så at dette skulle bli året der eg også fekk skyta min fyrste hjort, var berre midt i blinken.

Men ikkje alle vel som Petter. Ein far fortel: «Min sønn kunne tenkt seg å gått på bibelskole, men der er ingen bibelskoler som har jakt som alternativ, derfor valgte han folkehøgskole. Jeg ønsker at han skulle gått på bibelskole, men jakten var avgjørende for ham.»

Nye søkarar
– Når Bildøy det siste året har slitt litt med søkartala, kan eit jakttilbod vera ein gyllen anledning til å henta inn nye studentar, seier Håkon Hauge, som personleg drøymer om at jakt på Bildøy kan bli meir enn berre eit fritidstilbod.

– Dersom dette skulle vise seg å gå så godt og gje oss både nye studentar og sørgja for eit meiningsfullt år, er ikkje eg framand for at dette kunne bli eit eige linjetilbod. Men målet og ønsket mitt er fyrst og fremst å nå nokon av dei mange som vel bort bibelskulen til fordel for ein folkehøgskule med jaktlinje.

Treng terreng
For at jaktmålet skal nås, ber Håkon nå om hjelp. Han treng rett og slett terreng der han kan jakta.

– Så viss det er nokon der ute som har jaktterreng eller kjenner nokon som har slikt terreng med ledig kapasitet, så gje oss ein lyd, seier Håkon som ønskjer seg terreng for storvilt, småvilt, ryper og ender. Også predator som mår og rev, kan vera av interesse.

– Her ber eg ikkje om ei misjonsgåve i den forstand at me skal ha dette gratis. Me betalar på lik linje med andre aktørar. Men det er ei misjonsgjerning på den måten at det kan skaffa studentar til skulen, seier Håkon Hauge.

LES OGSÅ: Traktorspor på Bildøy

LES OGSÅ: Store vedlikeholdsutfodringer

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.